Papirlaus og miljøvennleg faktura – berre eit par tastetrykk unna

Med eFaktura får du straumrekninga rett i nettbanken med ferdig utfylt kidnr. og fakturabeløp, samt eit varsel på e-post når nye eFaktura er tilgjengeleg i nettbanken om ein ynskjer det.

Du kan sjølv velje å endre beløp og forfallsdato og fakturaen vert ikkje trekt frå din konto før den er godkjent.

Fakturaene blir lagra i nettbanken, eller ein kan finne dei på Min side.

Kan kombinerast med avtalegiro. 

Slik bestiller du eFaktura:

  • Logg deg inn på Min side med kundenr. og målarnr. (krev at ein har Bank ID). Vel  menyvalg faktura og under fakturaoversikt ligg ein link for bestilling av eFaktura.
  • Om ein ikkje har Bank ID vil ein få spørsmål om ein ynskjer å opprette eFakturaavtale neste gong ein betaler straumrekninga i nettbanken. Alternativt kan ein og søke opp tilbydere av eFaktura og fylgje rettleiinga i nettbanken.

 AvtaleGiro – automatisk trekk frå bankkonto på forfallsdato

AvtaleGiro er ei avtale mellom deg og din bank om automatisk trekk frå din konto på forfallsdato.

For at betalinga skal bli utført må du sjå til at det er pengar på konto den dagen det er forfall.

Slik bestiller du avtalegiro:

Avtalegiro kan du bestille i nettbanken,  eller ta kontakt med banken din.  Kid nr. for teikning av avtalegiro finn ein på rekninga, eller under menyvalg  faktura på min side.

eFaktura i kombinasjon med avtalegiro

Rekninga rett i nettbanken og betalt automatisk på forfallsdato.

Stort enklare kan det ikkje bli - ein treng berre opprette eFakturaavtale og avtalegiroavtale – regningane blir betalt og ein har full oversikt i nettbanken.