Eigaransvar

Bustadeigaren sitt ansvar for det elektriske anlegget.

Det er bustadeigaren som har ansvaret for at det elektriske anlegget i bustaden i til ei kvar tid tilfredsstiller tryggleikskrava som er gjeve i forskrift om elektriske lågspenningsanlegg.

Bustadeigaren eig det elektriske anlegget, og skal sørgje for at det blir gjort nødvendig ettersyn og vedlikehald slik at anlegget til ei kvar tid tilfredsstiller tryggleikskrava i forskrifta. Bustadeigarar er også ansvarlege for at dei ikkje bruker eller koplar elektrisk utstyr til anlegget slik at det kan skade liv eller eigedom.

Ansvaret inneber:

  • å vere merksam på faresignal, som varme sikringar og stikkontaktar (kan bli brune), lysbogar/gneistar eller tilløp til lysbogar (teikn på dårleg kontakt)

  • å få kontrollert anlegget på bakgrunn av slike faresignal

  • å få utbetra dei manglane som blir avdekt.

Kven som kan gjere inngrep i eit anlegg blir regulert av forskrift om kvalifikasjonar for elektrofagfolk. For vanlege forbrukarar og andre som ikkje er fagpersonar, inneber ansvaret for vedlikehald at ein engasjerer elektrofagfolk til å utføre ettersyn og utbetringar. Det bør også utførast regelmessig ettersyn av anlegget, t.d. kvart tiande år i bustader eller oftare på eit eldre anlegg.
 
Hos mange er det lenge sidan elanlegget blei sjekka. Over ein firedel svarer at dei ikkje veit når det elektriske anlegget i bustaden blei sjekka sist.

Brannstatestikk

Antall omkomne i brann kan sjå ut til å være på veg ned igjen etter nokre år med stigande tendens. I 2011 omkom 46 personar i brann og i 2012 fall tallet ytterligare til 40 personar, noko som er det lågaste talet sidan DSB starta registreringane i 1979. Rundt halvparten av desse brannane kjem av feil i det elektriske anlegget. 

Brannstatistikk på DSB

Reglar for boligdokumentasjon

DSB har akseptert 5-sikkredokumentasjon som tilfredsstillande dokumentasjon for boliginstallasjonar. Installatøren pliktar å overlevere dokumentasjon på alle nyanlegg

5 sikre

Risikovurdering

I henhold til forskrift om elektriske lavspenningsanlegg (fel) § 16 - planlegging og vurdering av risiko - skal elektriske anlegg planlegges og utføres slik at mennesker, husdyr og eiendom er beskyttet mot fare og skader ved normal bruk og slik at anlegget blir egnet til den forutsatte bruk.

  • Rapport fra risikovurdering med veiledning. Rapporten skal overleveres eier av anlegget.

  • Sjekkliste for risikovurdering med veiledning før planlegging, prosjektering og utførelse - bedriftsintern.

Kursfortegnelse

I henhold til fel § 12 skal det utarbeides en beskrivelse av anlegget hvor bl.a. kursfortegnelsen er en sentral del.

  • Standard kursfortegnelse (og eksemplet) er i henhold til NEK 400:2014.

I tillegg til å inngå i kundedokumentasjonen, skal kursfortegnelsen også henges opp i sikringsskapet, eller i umiddelbar nærhet av dette.

Sluttkontroll

I henhold til fel § 12 skal det utarbeides en rapport fra gjennomført sluttkontroll.

  • Rapport fra sluttkontroll med veiledning er i henhold til NEK 400:2014.
    Sluttkontrollen skal gjennomføres på det aktuelle anlegget.

Utstyrsdokumentasjon

I henhold til fel § 12 skal det være utarbeidet dokumentasjon som gjør det mulig å vurdere om anlegget er i samsvar med kravene i regelverket.

Utstyrsdokumentasjon av viktighet for eier av anlegget, drift av anlegget og eventuelle senere utvidelser, skal overleveres til oppdragsgiver. Utstyrsdokumentasjon kan bl.a. være tavledokumentasjon, dokumentasjon for varmeanlegg, dokumentasjon for lysanlegg, dokumentasjon for styringssystemer m.m.

Erklæring om samsvar

I henhold til fel § 12 skal erklæring om at anlegget er i samsvar med sikkerhetskravene i fel(forskrift om elektriske lavspenningssanlegg) alltid overleveres eier av anlegget før dette tas i bruk. Det er utarbeidet en veiledning til utfylling av erklæring om samsvar.

For små jobber kan erklæring om samsvar sendes sammen med for eksempel fakturaen, men da ikke senere enn 3 uker etter ferdigstillelse.

I henhold til fel § 13 skal eier oppbevare erklæringen under hele anleggets levetid. Den utførende virksomheten skal oppbevare en kopi av erklæringen i 5 år etter ferdigstillelsen.

Eldre anlegg – oppført før 1. januar 1999

Dei aller fleste har anlegg som er eldre enn januar 1999. Kravet om samsvarserklæring har ikkje tilbakeverkande kraft, dvs. at du ikkje kan krevjast for slik dokumentasjon for den delen av anlegget som er utført før denne datoen – berre for dei endringane som er gjort etter 1. januar 1999.

Elanlegg i nye bygg

Utover eigaren sitt generelle ansvar, er ein kvar som gjer planlegging/prosjektering, utføring, vedlikehald, utbygging m.m. av eit anlegg ansvarleg for at arbeidet tilfredsstiller dei tryggleikskrava som gjeld. I prosjekterings- og utføringsfasen av eit anlegg blir byggherren rekna for å vere eigaren av anlegget. Som eigar av eit nytt hus/bygg oppført etter 1. januar 1999, har du som eigar av det elektriske anlegget krav på ei samsvarserklæring om at anlegget tilfredsstiller gjeldande tryggleikskrav frå den som prosjekterer eller utfører anlegget. Du må derfor sjå til at du tek i mot samsvarserklæring og eventuell underlagsdokumentasjon.

Leigetakaren sitt ansvar

Ansvaret til leigebuaren vil i dei fleste tilfelle avgrense seg til å melde frå om feil og manglar ved anlegg til eigaren av anlegget, dvs. bustadeigaren. Feil og manglar som leigebuaren pliktar å melde frå om må vere av ein slik karakter at eit utrena auge kan sjå dei.

MMI-undersøkinga viser at blant leigetakarane er det rundt halvparten som ikkje har kjennskap til når det elektriske anlegget i husværet sist blei sjekka.

Dersom det er feil og manglar ved det elektriske anlegget som kan skade liv eller eigedom, og leigebuaren forstår dette, pliktar han eller ho å gripe inn og avverje faren. Det vil blant anna seie at leigetakaren ikkje bruker elektrisk utstyr som er øydelagt. Leigetakaren har også vedlikehaldsansvaret for det elektriske utstyret i husværet, som elektrisk komfyr, lampar, TV, elektriske kontaktar og brytarar. Dersom dekselet til ein elektrisk stikkontakt blir skadd, pliktar altså leigetakaren å sørgje for at denne blir skifta ut.

Det er på det reine at det er bustadeigaren som har hovudansvaret for å halde anlegget i forsvarleg stand. Husleigelova pålegg utleigaren å sørgje for at bygningar som er leigt ut til ei kvar tid er i skikkeleg i stand. Utleigaren skal også halde ved like husvære eller rom, blant dette leidningar og elektrisk straum til lampepunkt og stikkontaktar. Om du som leigetakar opplever at bustadeigaren ikkje tek ansvaret sitt alvorleg, kan du kontakte det lokale eltilsynet ved det lokale everket ditt.

Meir informasjon

Du kan også kontakte ditt lokale eltilsyn(DLE) ved Rauland Kraftsorsyningslag om du lurer på noko.