Kompensasjon for avbrot i straumforsyninga

Rauland Kraftforsyningslag SA (RK)sine nettkundar kan krevje kompensasjon for alle avbrot i straumforsyninga som varer samanhengande i meir enn 12 timar.

Varigheita for eit langvarig avbrot i straumforsyninga blir rekna frå det tidspunkt RK først fekk melding om avbrotet - eller RK visste eller burde visst at avbrotet hadde funne stad.

Avbrotet opphøyrer når normal straumforsyning er oppretta på nytt. Fleire påføljande avbrot reknast som samanhengande viss ikkje normal straumforsyning er oppretthalde i minst 2 timar samanhengande.

Kompensasjonssatsane er følgjande:

Avbrot over 12 timar til og med 24 timar:  Kr.    600,-
Avbrot over 24 timar til og med 48 timar:  Kr. 1.400,-
Avbrot over 48 timar til og med 72 timar: Kr. 2.700,-

For avbrot over 72 timar vert det gjeve eit tillegg på kr. 1.300,- for kvar påbyrja 24-timars periode avbrotet varer.

For hytter/fritidsbustader kan det samla krav ikkje overstige forventa innbetalt nettleige for det aktuelle kalenderåret. (Nettleige inkl. ulike skattar og avgifter).

Ein og same juridiske person har ikkje krav på meir enn eitt kompensasjonsbeløp, uavhengig av talet på sluttbrukarkontraktar/abonnement som er tilkytt denne personen. Ved fleire abonnement/ målepunkt - der avbrotstida gjev grunnlag for ulike krav, skal abonnementet/målepunktet som gjev høgast kompensasjon leggjast til grunn.

Nettkundar som opplever langvarige avbrot må setje fram krav om kompensasjon til RK innan rimeleg tid etter at normal straumforsyning er oppretta på nytt.

Utbetaling av kompensasjonen skjer normalt ved fråtrekk i påfyljande faktura etter at kravet er godkjent.

I spesielle høve kan og direkte utbetaling/overføring til konto vera aktuelt.
Krav om kompensasjon må meldast på eige skjema utarbeidd av RK:

Kompensasjon for avbrot i straumforsyninga
Søknad om kompensasjon

Du kan og ringe oss på 35 06 20 60
eller skrive til oss på: epost@rauland-nett.no