Målaravlesing på SMS

  1. Først må du tinge målaravlesing på SMS ved å sende: raum start <kundenummer> <målarnummer> til 26166 Vent på kvitteringsmelding frå 26166.
  2. Deretter registerer du stand ved å sende: raum <målarnummer> <stand> til 26166 Du får kvitteringsmelding frå 26166.

Me sender deg SMS med påminning når det er på tide å lesa av målaren på nytt.
Ynskjer du stoppe tenesta - målaravlesing på SMS - sender du:

raum stopp <kundenummer> <målarnummer> til 26166

Du kan og starte/stoppe sms tenesta ved logge deg inn på målaravlesing/kundeopplysningar på vår heimeside og legge til/endre data i kundeprofilen din.

Kundenummer og målarnummer finn du på:

  • målaravlesingskortet
  • straumrekninga
  • e-fakturaen

Leverar du målaravlesinga på ein annan dato enn avlesingsdatoen, vil forbruket bli berekna fram - event. tilbake - til avlesingsdatoen.

Vil du unngå berekninga - leverar du avlesinga på oppgjeven avlesingsdato.
Dette er spesielt viktig for anlegg som har stor variasjon i forbruket.