Meld installasjonsarbeid

Alle nye elektriske anlegg og større endringar i eksisterande anlegg må på førehand meldast på standard skjema

 

Standard skjema finn du her

Jfr. §14 i Forskrift om Elektriske Lavspenningsanlegg (FEL 2006). Før utførelse og endring av elektriske anlegg påbegynnes, sendes melding til sentral tilsynsmyndighet eller den de bemyndiger (dvs. Rauland Kraftforsyningslag (RK) for anlegg som ligger i RK sitt forsyningsområde). For mindre endringer kreves det ikke melding.

Med mindre endringar meinast endringar som ikkje vedrører vern mot overbelastning og kortslutning.

 Kva skal meldast:

  1. Alle nyanlegg/nytilknytingar.
  2. All oppdeling el. samanslåing.
  3. All endring av KV/OV. Dvs. byte/ auking/ reduksjon og endring av ant. fasar.
  4. Bytte av skap/tavler eller innmat i desse, sjølv om KV/OV ikkje blir endra.
  5. Endring som medfører større effekt-/forbruksendring.
  6. Fast anlegg som blir forsynt frå straumaggregat.

Elles gjeld følgjande publikasjonar og retningslinjer:

  1. Publikasjon nr.: 101-2002, Installasjons-/tilknytningsregler. Regler for tilknytning av elektriske installasjoner i fordelingsnett. Kan bestillast hjå Energi Norge
  2. REN (RASJONELL ELEKTRISK NETTVIRKSOMHET)-blada 4000 til 4005 er utarbeidd av REN saman med norske nettselskap og NELFO.


Desse REN-blada beskriv forhold knytt til krav til målepunkt i lågspenningsinstallasjonar.
Det er det enkelte nettselskap som avgjer kva for krav som skal settast til målepunktet for at ein kunde skal få rett til å knyte seg nettet. Desse blada kan lastas ned hjå REN.

Sjå og "Krav og praktiske opplysningar til byggherre/tiltakshavar”.

Heimesidene til dsb (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) – Elsikkerhet
Tilkopling og målarmontering vert gjort når delmelding eller ferdigmelding er oss i hende.

Om ikkje anna er avtala går event. faktura på anleggstilskot  til den som er ført opp i feltet "Nettkunde er/blir"  i nemnte standard skjema.

 

Melding om installasjonsarbeid blir gjort i Elwin, om du ikkje har brukarnavn og passord frå før så får du det av oss.
Ring på  35 06 20 60 eller send e-post på  epost@rauland-nett.no
Innlogg installasjonsmelding.