Netteigars leveringsplikt

Når du vert kunde hjå Rauland Kraftforsyningslag Nett er det me som automatisk vert nettleverandøren din.

Av den grunn at elektrisitetsleveransen består av to delar, ein monopolregulera del (nettselskap) og ein konkurranseutsett del (kraftleverandørar), inneber dette at du som kunde må inngå avtale både med det lokale nettselskapet og med ein kraftleverandør.

Inntil du har valt deg kraftleverandør er nettselskapet pliktig til å levere deg kraft på dyrare vilkår enn normalt. Denne leveransen kallast leveringsplikt og er kun meint som ei midlertidig løysing.

Leveringsplikt- prisar

Prising av leveringspliktig kraftleveranse er regulera av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) dei fyrste 6 vekene. Etter dei fyrste 6 vekene fastset Rauland Kraftforsyningslag Nett prisen.

  • Frå 0 til 6 veker: gjennomsnittleg områdepris Nord Pool spot + 6,25 øre/kWh inkl. elsertifikat og mva ipåslag.
  • Etter 6 veker: gjennomsnittleg områdepris Nord Pool spot + 10,00 øre/kWh inkl. elsertifikat ogmva i påslag.

Leveringsplikt har tariffnamnet ventetariff og vert fakturera i lag med nettleiga.

For å unngå leveringsplikt bør du inngå avtale med ein kraftleverandør snarast råd.

På konkurransetilsynet sin kraftprisoversikt: www.strompris.no vil du kunne samanlikne tilbod frå dei ulike kraftleverandørane som leverer kraft til din anleggsadresse.

Her finn du ei oppdatera liste over kraftleverandørar som tilbyr kraft i vårt nettområde.

Meir informasjon til deg som er kunde på leveringsplikt: Informasjon frå NVE til deg utan kraftleverandør