Fakta om straumnettet i Norge


Eit nett – mange kundar

  • Det norske kraftnettet transporterar straum til landets 2 millionar hushaldningar og til landets industri og næringsliv. Til saman er det strekt over 300.000 km med ledningsnett i Norge.

  • Om lag 60 prosent av det norske kraftnettet er lokalnett – det som går inn til bustadhus, industri og næringsliv.

  • I tillegg kjem ledningane til utlandet, noko som gir auka forsyningssikkerheit både her og i våre naboland.


Kraftbalansen

  • Årleg fraktast om lag 120 milliarder kilowattimer (kWh) gjennom straumnettet. (1 milliard kWh er nok til å halde 50 000 husstander med lys og varme i eit år).

  • Sjølv i eit år med vanlege nedbørsmengder produserar Norge mindre straum enn vi forbrukar. I eit nedbørsfattig år kan underskotet bli 10 – 20 milliarder kWh. Derfor må vi kjøpe straum frå utlandet


Nettselskapa

  • I Norge er det om lag 140 nettselskap. Selskapa driv kvar sin del av straumnettet, nokon dekker store områder, andre små.

  • Om lag 80 prosent av nettselskapa er eigd av kommunar, fylkeskommunar eller staten. Dette medfører at utbyttet frå nettselskapa går tilbake til det offentlege.


Regulering

  • Straumnettet er eit naturleg monopol – fordi det ikkje gir meining å bygge to ledningsnett til det same huset. Sidan det ikkje finst fleire nett, kan ikkje straumkundane velje kva for nettselskap dei vil bruke. Derfor er nettselskapa strengt regulert.

  • Myndigheitene bestemmer: Kor stor inntekt nettselskapet skal ha, kva dei må gjere for å vedlikehalde nettet, korleis kundane skal kompenserast dersom straumen går, korleis nettariffen skal lagast etc. etc.

  • Myndigheitene fører streng kontroll med at reglane blir følgde. Ein finn meir informasjon om nett- reguleringa på heimesida til Norges vassdrags- og energidirektorat, www.nve.no