Meld installasjonsarbeid
Alle nye elektriske anlegg og større endringar i eksisterande anlegg må på førehand meldast på standard skjema
Jfr. §14 i Forskrift om Elektriske Lavspenningsanlegg (FEL 2006). Før utførelse og endring av elektriske anlegg påbegynnes, sendes melding til sentral tilsynsmyndighet eller den de bemyndiger (dvs. RK Nett for anlegg som ligger i RK Nett sitt forsyningsområde). For mindre endringer kreves det ikke melding.
Med mindre endringar meinast endringar som ikkje vedrører vern mot overbelastning og kortslutning.
Kva skal meldast:
Alle nyanlegg/nytilknytingar.
All oppdeling el. samanslåing.
All endring av KV/OV. Dvs. byte/ auking/ reduksjon og endring av ant. fasar.
Bytte av skap/tavler eller innmat i desse, sjølv om KV/OV ikkje blir endra.
Endring som medfører større effekt-/forbruksendring.
Fast anlegg som blir forsynt frå straumaggregat.
Elles gjeld følgjande publikasjonar og retningslinjer:
Publikasjon nr.: 101-2002, Installasjons-/tilknytningsregler. Regler for tilknytning av elektriske installasjoner i fordelingsnett. Kan bestillast hjå Energi Norge
REN (RASJONELL ELEKTRISK NETTVIRKSOMHET)-blada 4000 til 4005 er utarbeidd av REN saman med norske nettselskap og NELFO.
Desse REN-blada beskriv forhold knytt til krav til målepunkt i lågspenningsinstallasjonar.
Det er det enkelte nettselskap som avgjer kva for krav som skal settast til målepunktet for at ein kunde skal få rett til å knyte seg nettet. Desse blada kan lastas ned hjå REN.
Sjå og "Krav og praktiske opplysningar til byggherre/tiltakshavar”.
Heimesidene til dsb (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) – Elsikkerhet
Tilkopling og målarmontering vert gjort når delmelding eller ferdigmelding er oss i hende.
Om ikkje anna er avtala går event. faktura på anleggstilskot til den som er ført opp i feltet "Nettkunde er/blir" i nemnte standard skjema.
Melding om installasjonsarbeid blir gjort i Elsmart.