AMS - Automatisk straummålar

Om du har motteke ein SMS frå OneCo angåande tidspunkt for målarbyte må du anten svara på denne SMS'en eller ringe OneCo sitt kundesenter på 47 66 39 60.

Innen 1. januar 2019 er det pålagt at alle straumkundar i Noreg skal ha fått installert ny automatisk straummålar. I vårt nettområde vil flesteparten av våre kundar få ny målar i perioden september 2017 - mai 2018. Les meir her.

Ny innlogging på Min Side

Pålogging er endra frå kundenr. og målarnr. til kundenr. og PIN-kode. PIN-kode får ein ved å taste inn kundenr. og 8 siste siffer av målepunkt-ID (finn ein på faktura). Ein kan sjølv velje PIN-kode. Registrerar du e-postadressa di kan du seinare få PIN-koden tilsendt på e-post om du skulle gløyme den.

Informasjon til kundar med målar montert etter 1/1-16

Målarar installert etter 1/1-16 er ein AMS målar og denne treng ein ikkje bytte. Det kan i enkelte tilfelle vere behov for at OneCo treng tilgang til sikringsskåpet for å bytte antenne. Ber derfor om at kontaktinformasjonen på «min side» oppdaterast. Meir informasjon om AMS kan du finne her.

Rauland Kraftforsyningslag Nett

Rauland Kraftforsyningslag har omlag 900 km låg- og høgspent nett fordela på ca. 3500 kundar. Det vil sei ca.257 meter nett pr. kunde. I 2010 vart det levert 71 Gwh i nettet.

Forsyningsområdet er innafor grensene til gamle Rauland kommune. Av praktiske årsakar forsyner me også mindre delar av kommunane Tokke, Seljord og Tinn. Arealet på forsyningsområdet er ca.2000 km2 stort.