Alle nettselskap er gjennom energilova pålagt å levera kraft til kundar som ikkje har avtale med ein kraftleverandør. Når kundar utan kraftleveringskontrakt blir tilkopla nettet vil desse bli lagde på ein ventetariff og bli fakturerte for kraft av nettselskapet.

Prisen blir basert på marknadskraft der den vekentlege Elspot-områdeprisen dannar grunnlaget for prisberekninga. Elspot-områdepris er marknadspris for kraft på kraftbørsen Nordpool i det geografiske området der krafta blir teken ut.

LeveringspliktPåslag
Pris dei første 6 vekerS + 6,25 øre/kWh


Pris vidare framoverS + 10,00 øre/kWh

*S er gjennomsnittleg vekentleg Elspot-områdepris.

Me gjer merksame på at dette kan vera ein dyr tariff, og me tilrår at nye kundar snarast opprettar kraftavtale med ein av dei tilgjengelege kraftleverandørane.