Vedtekter for Rauland Kraftforsyningslag SA

Vedtekne på ekstraordinært årsmøtet 04.03.2021

Godkjent i uravrøysting 26.03 2021

§ 1-Organisasjon.

Rauland Kraftforsyningslag er eit samvirkelag med skiftande kapital og skiftande medlemstal etter som tilhøva tilseier til eikvar tid.

§2- Forretningsstad.

Laget har forretningskontor i Rauland i Vinje kommune.

§ 3- Formål.

Formålet til laget er å syte for at kundane får så god og rimeleg straumforsyning som råd er gjennom:

  • å eige, byggje og drive anlegg for energiforsyning og telekommunikasjon.

  • å omsette energi.

  • å produsere energi og delta som eigar i produksjonsanlegg.

  • å forvalte eigenkapitalen slik at den gjev ei langsiktig stabil avkastning.

Laget kan utøve sitt formål gjennom direkte eller indirekte eigarskap i dotterselskap og andre selskap.

§4 – Medlemskap.

Når ein teiknar nettkontrakt med RK Nett AS som driv nettverksemd blir ein automatisk medlem av laget. Ønskjer ein ikkje å vera medlem melder ein dette skriftleg til laget. Uavhengig av talet på nettkontraktar har ein og same juridiske person eitt medlemskap. Det same gjeld for einskildpersonar. Det skal ikkje betalast andelsinnskott eller medlemskontingent.

Medlemskapet skal opphøyra dersom eit medlem ikkje lenger er nettkunde hjå RK Nett AS.

§ 5- Styrets samansetjing.

Laget skal ha eit styre på sju medlemmer og to varamedlemmer. 1.vara har møterett i styremøte.

Eit av styremedlemmene med personleg varamedlem skal vera vald av dei tilsette.

Kvart kjønn skal vera representert med minst 40 % av styremedlemmene.

Årsmøtet vel styremedlemmer og varamedlemmer for tre år om gongen. Dersom styremedlem eller varamedlem blir erstatta i løpet av perioden, skal erstattaren følgje perioden til vedkomande styremedlem eller varamedlem dei erstattar.

Fyrste gong tilrår valnemnd kva for 2 medlemmer og varamedlem som er på val 1., 2. og 3. år.

4 av dei 6 årsmøtevalde styremedlemmene skal bu i forsyningsområdet.

Utanbygdes-buande hytteeigarar skal vera representert i styret.

Dagleg leiar har rett til å vera med i styremøte med unntak av saker som vedkjem han sjølv. Dagleg leiar har ikkje stemmerett.

§ 6 – Styremøte.

Styret kan gjera lovleg vedtak når minst fire av medlemmene stemmer for framlegget.

Det skal førast møtebok.

§ 7 – Styrets oppgåver.

Styret skal leie laget i samsvar med krava i gjeldande lover, laget sine vedtekter og dei vedtak som blir gjort på årsmøtet.

Styret skal tilsetje/avsetje dagleg leiar.

Styret skal føre tilsyn med drifta som skjer i lagets dotterselskap og andre investeringar.

Styret skal gjera vedtak i alle saker med unntak av slike som årsmøtet ifølgje vedtektene skal vedta.

§ 8 - Årsmøte.

Ordinært årsmøte skal haldast i løpet av juni månad.

Omframt årsmøte kan haldast når styret finn det nødvendig, eller når revisor eller minst ein tidel av medlemmene skriftleg krev det.

Innkalling til årsmøte skal sendast skriftleg til alle medlemmene seinast to veker før møtet skal haldast.

Årsmøtet blir styrt av styreleiar eller den han utpeikar.

Møteboka skal underskrivast av styreleiar og ein som deltek på årsmøtet, vald av årsmøtet.

Avhending av aksjar i Nettselskapet krev godkjenning frå årsmøtet.

§ 9 – Årsmøtets oppgåver.

Ordinært årsmøte tek til handsaming:

  1. Årsrekneskap og årsmelding.

  2. Val av styreleiar, nestleiar, øvrige styremedlemmer og varamedlemmer.

  3. Val av medlemmer og leiar i valnemnd.

  4. Val av registrert eller statsautorisert revisor.

  5. Fastsetjing av godtgjersla til styret og revisor.

  6. Andre saker som etter loven eller vedtektene høyrer inn under årsmøtet.

§ 10 – Bruk av overskot.

Årsoverskot skal brukast til eigenkapital.

§ 11 – Fristar.

Saker som skal fram på årsmøtet, må meldast skriftleg til styret innan utgangen av april.

§ 12 – Fleirtalskrav.

Vedtak, både på ordinært og omframt årsmøte, blir avgjort med vanleg fleirtal. Står talet på stemmer likt, gjer styreleiaren si stemme utslaget.

Ved likt stemmetal ved val, blir valet avgjort ved loddtrekning.

Vedtektsendring krev tilslutning frå minst 2/3 av dei avgjevne stemmene.

I andre vedtak viser ein til samvirkelova.

Medlemmene har ei stemme kvar, og det er ikkje høve til å stemme med fullmakt.

§ 13 – Valnemnd.

Laget skal ha ei valnemnd på 3 medlemmer- med 1 representant frå hushald/fastbuande, 1 representant frå næringsliv/offentleg forvaltning og 1 representant frå utanbygdes- buande hytteeigarar- valde for 3 år om gongen med rullering. Årsmøtet vel og nemndas leiar.

Valnemndas oppgåve er å fremje forslag til val av styreleiar, nestleiar og øvrige styremedlemmer for årsmøte i samsvar med § 5 i føresegnene. Valnemnda skal også koma med forslag til styregodtgjersle.

Valnemnda si innstilling skal vera skriftleg og kunngjerast saman med innkalling til ordinært årsmøte.

§ 14 – Signatur.

Styreleiar eller nestleiar saman med eit styremedlem bind laget med si underskrift.

§ 15 – Oppløysing.

Forslag om oppløysing av laget må sendast medlemmene 2 månader før saka skal handsamast av årsmøtet.

Oppløysing av laget må vedtakast av minst 2/3 av alle medlemmene.

Oppløysinga er endeleg to år etter at vedtaket er godkjent.

I tilfelle laget blir oppløyst, blir all overskytande kapital etter at all lagseige er selt overført til eit fond som skal fremje allmennyttige tiltak i konsesjonsområdet. Vedtekter for fondet skal fastsetjast av årsmøte i Rauland Kraftforsyningslag SA.

§ 16 – Verneting.

Ein eventuell strid om korleis desse vedtektene er å forstå blir avgjort ved voldgift.

§ 17 – Anna.

Ein viser elles til den til eikvar tid gjeldande lov om samvirkeforetak.