Spørsmål og svar:

  • Grunna auka kraftpris innverande år vil RK Nett sine utgifter til å dekke opp for linjetapet resultere i ein prisauke for alle abonnentar med ca. 15 øre/kWh.

    Auka er tillagt i den nye nettleigemodellen.

    Viktig å presisere at denne prisauka er uavhengig av ny nettleigemodell, men resultat av auke kostnadar for RK Nett.

  • Tidlegare var det berre tal kilowattimar som påverka nettleiga di. No får du større moglegheit til å påverka rekninga. Frå 2022 vil nettleiga for hushaldskundar bestå av to delar:

    • Kapasitetsleddet - vert fastsett utifrå gjennomsnittet av dine tre høgste døgnmaksar i løpet av ein månad. Ein døgnmaks er den timen i løpet av eit døgn du har bruka mest straum samstundes.

    • Energileddet – eit beløp per kilowattime, avhengig av når på døgnet du bruker straumen

    Dersom du jamnar ut straumforbruket gjennom døgnet, får du eit lågare kapasitetsledd enn om du bruker mykje straum på éin gang. Til dømes vil det lønna seg å ikkje vaska klede, laga middag og ladd elbil samtidig. Elbilen kan du med fordel lada med godkjent el-bil ladar om natta. 

    Energileddet blir bestemt av kor mykje straum du bruker totalt (tal kilowattimar), og når du bruker straumen. Du betaler mindre per kilowattime om natta enn på dagtid.

  • Straumnettet er eit stort spleiselag som i sin heilskap blir betalt av brukarane gjennom nettleiga. Generelt er det slik at dei med små bustader og lågt samtidig forbruk vil betala ein mindre del enn i dag, medan dei med større bustader og éin eller fleire elbilar vil betala ein større del. Desse har likevel gode moglegheiter til å tilpassa forbruket sitt og dermed redusera nettleiga – dersom dei gjera ein liten eigeninnsats.

  • Dei som bruker mest straum kan påverka nettleiga si mest – ikkje minst alle som har elbil og eigen el-bil ladar. Det skal ikkje vera dyrt og vanskeleg å bruka straum smartare. Det finst allereie enkle løysingar for automatisk lading av elbil når prisane er mest gunstige. Det same gjeld oppvarming.

  • Ved å utnytta det eksisterande straumnettet betre før vi bygger nye kraftlinjer, kan nettselskapa spara store kostnader og dermed halda nettleiga lågast mogleg for deg som forbrukar. Berre ved å flytta lading av elbilar til natta, kan vi spara 11 milliardar kroner i nettinvesteringar, ifølgje utrekningar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

  • Ved å logga inn på "mi side" kan du sjå kor mykje straum du har brukt per time bakover i tid. Dersom du ønsker å følgja med i sanntid, kan du med enkelt utstyr kopla deg til HAN-porten på straummålaren din. Samtidig må du be nettselskapet RK Nett AS gje deg tilgang til data frå målaren.

  • Innføring av ny nettleige har vore diskutert og planlagt gjennom fleire år, der ulike forslag frå myndigheitene har vore gjennom to høyringsrundar. Olje- og energidepartementet tok den endelege avgjerda om å innføra ordninga, med støtte frå nettbransjen. Vi ser at det kan bli mykje å forhalda seg til for kundane no når prisane er svært høge – det positive er at dei får større moglegheit til å påverka nettleiga.

  • Flytting av forbruk skal ikkje gå ut over komfort eller tryggleik i heimen. Vi anbefaler til dømes ingen å bruka vaskemaskin, tørketrommel eller oppvaskmaskin når dei søv. Det er heller ikkje mykje å spara på dette. Elbil kan du derimot trygt lada om natta, om du har installert godkjent el-bil ladar.

  • Dei samla inntektene til nettselskapa blir bestemte av myndigheitene gjennom årlege inntektsrammer, og vil ikkje påverkast av ny prismodell. Drift, vedlikehald og utbygging av straumnettet i Noreg kostar årleg rundt 27 milliardar kroner. Denne rekninga blir i sin heilskap dekt av brukarane av nettet. Ved å utnytta kapasiteten i nettet smartare, kan vi halda nettleiga lågast mogleg for straumkundane over tid.

  • Drift, vedlikehald og utbygging av straumnettet i Noreg kostar årleg 27 milliardar kroner. Denne rekninga blir i sin heilskap dekt av brukarane av nettet gjennom nettleiga. Dersom vi klarer å utnytta nettet smartare, kan vi redusera behovet for utbygging og dermed halda nettleiga lågare.

 

Kva betyr ny nettleige for deg som:

  • Dei fleste vil få uendra eller lågare nettleige, fordi straumforbruket i utgangspunktet er forholdsvis jamt og lågt. Kundane her vil normalt hamna i det rimelegaste kapasitetstrinnet.

  • Vil fordela seg på fleire kapasitetstrinn, og kan påverka nettleiga ved å jamna ut forbruket slik at dei hamnar på eit rimelegare trinn. Dei som har elbil kan spara pengar på å lada med godkjent el-bil ladar om natta. Då vil normalt både straumprisen og nettleiga vera rimelegare.

  • Bruk av egenprodusert strøm vil gi litt mindre sparegevinst fordi energileddet i nettleien reduseres, men det vil fortsatt være mye å spare på strømpris og avgifter. Også for disse er det viktig å jevne ut forbruket, spesielt i de timene de ikke har egen strømproduksjon.

  • Energieffektiviseringstiltak vil gi litt mindre sparegevinst, fordi energileddet i nettleiga blir redusert. Men det vil framleis vera mykje å sparte på straumpris og avgifter.

  • For eigarar av gjennomsnittshytter blir reknestykket omtrent som for eigarar av einebustader. Også her gjeld rådet om å jamna ut straumforbruket gjennom døgnet. Viss du kjem med elbil til kald hytte, kan det vera lurt å venta med å lada elbilen til hytta er varma opp.

  • Ingen vesentleg endring for desse, men kundar med høgt straumforbruk i enkelttimar bør vurdera tilpassingar.