Kva er nettleige - kort fortalt

For å kunne bruke straum må ein betale for to produkt, straum og nettleige. Ein betaler for vara straum og transporten (nettleige) heim til deg.

Nettleigefakturaen frå RK Nett dekker transporten frå kraftverket fram til deg som forbrukar, både motorvegen(overliggande nett -> Statnett og regionalnett) og lokalvegen (distribusjonsnett -> RK Nett), i tillegg kjem skatt og avgifter.

Fordelingsoversikt nettleige(illustrasjon):

Nettleiga vil variere avhengig av den enkeltes forbruk og effektuttak.

Nettleiga du betaler til RK Nett går til:

  • Planlegging og utbygging av nye linje og kablar.

  • Vedlikehald og forsterking av kraftlinjenett.

  • Beredskap og retting av feil når kundar mistar straumen sin.

  • Overvåking og drift av kraftlinjenett.

  • Innhenting av måleverdiar.

  • Produksjon av nettleigefaktura.