Faktureringstidspunkt og eFaktura

Frå 01.04.2019 blir alle kundar fakturert etterskotsvis kvar månad for forbruk månaden før.

For privatkundar anbefaler me e-faktura og e-faktura i kombinasjon med avtalegiro.
For næringskundar tilbyr me EHF faktura.

eFaktura – papirlaus og miljøvennleg faktura – berre eit par tastetrykk unna

Med eFaktura får du straumrekninga rett i nettbanken med ferdig utfylt kidnr. og fakturabeløp.
samt eit varsel på e-post når nye eFaktura er tilgjengeleg i nettbanken om ein ynskjer det.

Du kan sjølv velje å endre beløp og forfallsdato og fakturaen vert ikkje trekt frå din konto før den er godkjent. Fakturaene blir lagra i nettbanken, eller ein kan finne dei på Min side. Kan kombinerast med avtalegiro.

Avtalegiro og eFaktura kan opprettast i din nettbank.

AvtaleGiro – automatisk trekk frå bankkonto på forfallsdato
AvtaleGiro er ei avtale mellom deg og din bank om automatisk trekk frå din konto på forfallsdato.
For at betalinga skal bli utført må du sjå til at det er pengar på konto den dagen det er forfall.

Slik bestiller du avtalegiro:
Avtalegiro kan du bestille i nettbanken,  eller ta kontakt med banken din.  Kid nr. for teikning av avtalegiro finn ein på rekninga, eller under menyvalg  faktura på min side.

eFaktura i kombinasjon med avtalegiro
Rekninga rett i nettbanken og betalt automatisk på forfallsdato.
Stort enklare kan det ikkje bli - ein treng berre opprette eFakturaavtale og avtalegiroavtale – regningane blir betalt og ein har full oversikt i nettbanken.

Gasta Design