Straumbrot

Hushaldningar og fritidsbustadar har krav på kompensasjon ved straumbrot som varar over 12 timar.

Kompensasjonen blir utbetalt automatisk på ei av dei fyrste nettleigefakturaene etter avbrotet.

Ein treng ikke søkje om dette.

Varigheita for eit langvarig avbrot i straumforsyninga blir rekna frå det tidspunkt RK Nett først fekk melding om avbrotet - eller RK Nett visste eller burde visst at avbrotet hadde funne stad.

Fleire påføljande avbrot reknast som samanhengande viss ikkje normal straumforsyning er oppretthalde i minst 2 timar samanhengande.

Kompensasjonen utbetalast etter fylgjande satser gitt av NVE:

Kompensasjon avbrot over 12 timar Avbrot 12 timar Per time utover 12 timar
Bustad kr 500 kr 40
Fritidsbustad kr 125 kr 10
  • Berekna årleg kompensasjon kan ikkje overstige forventa innbetalt nettleige inneverande år.

  • Kompensasjon utbetales per målepunkt.

  • Det gis ikkje kompensasjon for næringsanlegg, kun anlegg som blir nytta til bustad og fritidsbustad.

  • Dersom elektrisk utstyr blir øydelagt på grunn av straumbrot må du ta kontakt med ditt forsikringsselskap vedrørande erstatning.

Strømbrudd: rettigheter og regler - NVE

Du kan og ringe oss på 35 06 20 60
eller skrive til oss på: epost@rauland-nett.no

Gasta Design