AMS-Automatisk straummålar


Info

Innan 1. januar 2019 er det pålagt at alle straumkundar i Noreg skal ha fått installert ny automatisk straummålar. På fagspråket vert dette kalla Avanserte Måle- og Styringssystem (AMS). Dykkar straummålar skal skiftast ut i løpet av det neste året. OneCo Elektro AS har fått oppdraget med å gjera dette. Vi vil legge vekt på god informasjon og godt samarbeid undervegs, slik at det vert minst mogleg bry for deg som kunde.

OneCo Elektro AS vil ta kontakt med deg i god tid før målarskiftet. For å få skifta ut målaren, må vi ha tilgang til sikringsskåpet ditt. For at montøren skal kunne utføra jobben, må det vera minst ein vaksen person (over 18 år) til stades.

Ved målarskiftet vert straumen avstengt i 10 minuttar. Heile jobben tek normalt ca. 30 minuttar. Så snart målaren er på plass, vil forbruket ditt bli registrert automatisk kvar time.

Viktig: Oppdater kontaktinformasjon på «Min Side» - e-postadresse og mobilnr.

For at OneCo sine montørar skal få kontakt med deg for å avtala målarbytte må ein kontrollere kontaktopplysningar på «Min Side».

Logg inn med «kundenr» og PIN-kode. Har du ikkje PIN-kode trykker du på lenken opprett PIN-kode. Tast inn kundenummer og «8 siste siffer i målepunktID» (finn ein på faktura). Ein kan sjølv velge PIN-kode. Registrerar du e-postadressa di kan du seinare få PIN-koden tilsendt på e-post om du skulle gløyme den. Gå til kundeprofil og legg inn rett mobilnr.

Kvifor?

Smarte straummålarar vil gje deg som kunde betre styring med forbruket ditt. Du slepp å lesa av målaren sjølv, samfunnet får betre tryggleik omkring forsyning, og på sikt vert det klimagevinstar ved å bruke energi meir effektivt. Det vert gode fordelar for deg som kunde og for samfunnet.


Brosjyre

  • Kva er smart straum?

  • Kvifor smart straum?

  • Kva vil skje?

  • Kva føremoner får du?

  • Slik vil det fungere i praksis?

  • Korleis avtalar ein å byte målar?

  • Korleis skjer målarbytet?

Les om alt dette og meir til i vår informasjonsbrosjyre

Gasta Design