Ny nettleige frå 1. august 2022

Frå og med 1. august. 2022 vert det innført ein ny prismodell for nettleige. Endringa er fastsett av myndigheitene og gjeld for heile Noreg. Målet med den nye nettleigemodellen er å jamne ut forbruket gjennom heile døgnet, slik at forbrukstoppane vert lågare, og at me dermed får utnytta straumnettet betre.

Eksempelvis bør du unngå å bruke vaskemaskin, lage middag og lade elbilen samstundes.

Merk at me ikkje rådar dykk til å bruke kvitevarer som oppvaskmaskin og vaskemaskin nattestid. Ein skal alltid vere vaken og tilstades ved bruk av slike kvitevarer. Lading av elbil med godkjent ladar kan du trygt utføre på natta.

Kva er nettleige - kort fortalt

Meir info om ny nettleige

Prisar

Pris på nettleige frå 01.08.2022. Nettleiga består av eit kapasitetsledd, energiledd og offentlege avgifter.

  • Kapasitetsleddet vert fastsett utifrå gjennomsnittet av dine tre høgste døgnmaksar i løpet av ein månad. Ein døgnmaks er den timen i løpet av eit døgn du har bruka mest straum samstundes. Kapasitetsleddet er inndelt i trinn, sjå tabellen under.

  • Energileddet er eit beløp per kWh, som reknast ut ifrå kor mange kWh som er frakta til deg gjennom straumnettet.

  • Dei offentlege avgiftene består av meirverdiavgift (mva.), forbruksavgift (FBA) og avgifta til Energifondet.

Energiledd Eksl. mva Inkl. mva
Energiledd dag 30,00 37,50 øre/kWh
Energiledd natt 30,00 37,50 øre/kWh
Offentlege avgifter
Forbruksavgift 15,41 19,26 øre/kWh
Avgift Energifondet (Privat) 1,25 øre/kWh
Avgift Energifondet (Næring) 800 kr/år
Kapasitetsledd
0-2 kWh/h 139 174 kr/mnd
2-5 kWh/h 167 209 kr/mnd
5-10 kWh/h 181 227 kr/mnd
10-15 kWh/h 195 244 kr/mnd
15-20 kWh/h 251 314 kr/mnd
20-25 kWh/h 279 349 kr/mnd
25-50 kWh/h 349 436 kr/mnd
50-75 kWh/h 418 523 kr/mnd
75-100 kWh/h 488 610 kr/mnd
100-150 kWh/h 558 697 kr/mnd
150-200 kWh/h 697 871 kr/mnd
200 kWh/h -> 836 1046 kr/mnd